Nyhende:
Rosendal Gardsmat deltar på årets matfestival i Bergen
16 Aug 2011
I år, som mange år tidlegare deltek Rosendal Gardsmat på den årlege matfesten som tek stad på bryggen i Bergen 9-11. september. På standen i Bergen vil det vere sal av båe vanleg Sundepølse, den litt meir eksklusive grillpølsa og heimelaga blodpølse.
Føredrag for Slowfood Sunnhordland
23 Dec 2010
Eg vart invitert til å halde føredrag for nystarta Slowfood Sunnhordland på Stord. Meir kan lesast i innlegget.
Jul i Rosendal!
23 Nov 2010
«Årets produkt» kjem til Jul i Rosendal. Les meir på dei flotte vevsidene til «Jul i Rosendal»!
Det Norske Måltid - Sundepølsa, fylkesvinnar i Hordaland
21 Sep 2010
\"Vestlandet smaker av brun geitost og sommerhonning I forbindelse med Bondens Marked i Førde lørdag 18. september ble årets beste produkter i Hordaland og Sogn og Fjordane kåret. Seks produkter, tre fra hvert fylke, er klare for nasjonal finale senere i høst.\"
Sundepølsa gjekk vidare frå Hordaland som \"årets produkt\". Dette er andre gongen Rosendal Gardsmat kvalifiserar seg i \"Det Norske Måltid\", og Åshild Mehl gleder seg stort til den landsomfattande finalen seinare i haust! Les meir via lenkja.
Sundepølsa, årets produkt!
16 Sep 2008
Rosendal Gardsmat si Sundepølse vart under Bergen Matfestival i helga kåra til årets produkt. ? Veldig overraskande, men veldig kjekt, kommenter Åshild Mehl.
Bergen Matfestival vart arrangert på Bryggen frå fredag til søndag. Festivalen er landets største møteplass for småskala matprodusentar som foredlar eigne råvarer, og som nyttar høvet til å selja varene frå eigen stand. Festivalsjef er Gunnar Nagell Dahl, mellom anna kjent for sitt samarbeid med Rosendal Fjellstreif.
Eit av høgdepunkta under arrangementet var konkurransen «Smaken av Norge». Prosjektet «Det norske måltid» arrangerer konkurransar i alle fylka i landet, og målsetnaden er å finna og synleggjera dei beste norske råvarene og produkta. Det er eigne klassar for beste råvare frå sjø/vatn, beste råvare frå land og beste matprodukt/bearbeida produkt. Det vart altså kvinnhersk siger i den midtarste kategorien.
Det norske måltid - resultata frå Hordaland
15 Sep 2008
Den beste maten i Hordaland blei kåra på matfestivalen "Bønder i byd'n". Østers, lynghonning og kjøtpølse gjekk heilt til topps.
Kortreist smørbrød frå Sunnhordland!
05 Jun 2007
Beate Hannisdal tek utgangspunkt i den tradisjonsrike Sundepølsa som i dag blir produsert i Rosendal, og ramsløk-ost som blir produsert på Tysnes.