Hei og velkommen til Rosendal-Gardsmat.no! Her vil det stå litt
informasjon og vere litt bilete av Rosendal Gardsmat og produksjonen av Sundepølsa!
I 2001 overtok Åshild Mehl produksjonsrettane til den tradisjonsrike
Sundepølsa, og i dag driv ho produksjon frå småbruket i Rosendal.
1936 var året då Øyvind Olsen og Gunnar Røssland byrja å produsera den
etterkvart så legendariske Sundepølsa på Sunde i Sunnhordaland. Som vart
levert til over 20 butikkar på Vestlandet.
Etter krigen overtok Lars Olsen delen til Røssland, til han la ned
produksjonen ved årskiftet 2001. På dette tidspunktet var det mange som
frykta at dette var slutten for den populære pølsa. Men på sommaren same
året vart det klart at Åshild Mehl skulle overta produksjonen.